Dansegalla laurdag og søndag!

Brunsj og Briller har opne dører frå kl.12:00 laurdagen, med servering inne på puben medan den årlege fiskekonkurransen pågår i Jølster. Den store festen drar vi i gang etter premieutdelinga, med «Happy Hour» i teltet frå kl.18 til 20.

Våre dyktige musikarar går på scena i teltet frå kl. 20:00, der dei vekslar med å spele til kl. 02:00 på natta begge dagane. Den dyktige trubaduren spelar inne på puben begge kveldar.

Søndagen opnar vi dørene kl 14:00 for mat og drikke servering. Trubadur Fernando spelar ved puben Brunsj og Briller framover ettermiddagen, ute/inne alt etter værforhold. Stardalen Sommarkafè står for matservering.

Bussar frå Førde og Sandane begge dagar kl. 20:00 med retur kl. 02:15 etter festen.

Velkommen!