Den har eksistert sidan 2005, oppstarta av dei tidlegare innehavarane av den lokale puben. Arrangementet har vore eit 2 dagers opplegg kvar pinse, med dans og musikk i denne vakre delen av Sunnfjord og føregår ved kommunehuset på Skei i Jølster.

Dette arrangementet er landskjent og har også vore ein del av dei danseglade sin start på festivalsommaren. I 2014 fekk gallaen Gullskoprisen som årets arrangør innan dansemusikk. Denne suksessen byggjer vi, som nye arrangørar, vidare på. Bubil og campingvognentusiastane har starta sine helgaturar her hos oss, og dei fleste har nok reist heim med utslitne dansesko. God stemning har det alltid vore, og folk har brukt tida utenom dans og musikk, til turar i nydelege fjellområde eller fiske etter aure i Jølstravatnet.

I 2022 flytta vi arenaen til Thon Hotel Jølster, der vi hadde ei scene inne og ei ute i festivalteltet som var på parkeringsplassen utanfor hotellet. Det vart også ha ein dagkonsert på Brunsj og Briller sin pub, som ligg like ved. Festivalcampingen var som tidlegare år, men med ei utviding inn på parkeringsplassen som tidlegare var festivalområde.

I 2024 vert alle scenene innandørs på Thon Hotel Jølster og vi kan svinge oss på parketten i storsalen!

Velkomen til Skei!